Rørsle

Kunstprosjekter på Amalie Skram videregående skole

Kunsten i Amalie Skram videregående skule har rørsle som samlande tema. Blant kunstnarane som har laga arbeider spesielt for skulen er Reinhard Haverkamp, Hennie Ann Isdahl, Toril Johannessen, Thomas Pihl, Markus Li Stensrud og Kira Wager. I tillegg er det større program med performancekunst, teikningar gjort direkte på vegg og eldre arbeid frå samlinger sett saman med nyinnkjøp. Kunstkonsulentane for Amalie Skram og AdO Arena er Sissel Lillebostad og Arne Rygg

Sjå bildeserie.

 

Reinhard Haverkamp: "Panta Rhei"

Reinhard Haverkamp: Panta rhei, 2014 (Rustfritt stål) Foto: Pål Hoff Reinhard Haverkamp: Panta rhei, 2014 (Rustfritt stål) Foto: Pål Hoff Reinhard Haverkamp: Panta rhei, 2014 (Rustfritt stål) Foto: Pål Hoff Reinhard Haverkamp: Panta rhei, 2014 (Rustfritt stål) Foto: Pål Hoff

Reinhard Haverkamp sitt verk er kalla «Panta Rhei» som tyder at alt flyt i den filosofiske meininga at alt er i kontinuerleg endring. Verket er satt saman av to deler, «Vind» er plassert ute mot Store Lungegårdsvann. Det er ein ellipse i rustfritt stål montert nesten 10 meter over bakken på ei stang er, festa slik at vinden vil dreie ellipsen, noko som fører til at stadig nye bilete vert forma. «Vann» heng høgt i atriet ved inngangen i sør og er sett saman av sju organiske former, også i rustfritt stål. Formene er inspirert av refleksar av sol på ei vassflate. Ringane er monterte slik at dei heile tida vil danna nye konstellasjonar som gjev nye mønster med skuggar og lysrefleksar på veggane ikring. Eit verk i varig materiale i kontinuerleg endring.

Haverkamp

Sjå Reinhard Haverkamp sin introduksjon til kunstprosjektet på Vimeo .

 

Hennie Ann Isdahl: "Zenith"

Hennie Ann Isdahl: Zenith #1, 2014 (Formica Compact høytrykkslaminat) Foto: Pål Hoff Hennie Ann Isdahl: Zenith #1, 2014 (Formica Compact høytrykkslaminat) Foto: Pål Hoff Hennie Ann Isdahl: Zenith #1, 2014 (Fargekomposisjon på stoler) Foto: Pål Hoff Hennie Ann Isdahl: Zenith #1, 2014 (Fargekomposisjon på stoler) Foto: Pål Hoff

Hennie Ann Isdahl har forma veggen utanfor Hans Tank auditorium med høgglansa monokrome fargeflater til verket «Zenith #1». Kunstnaren arbeider med geometriske former og fargar som spelar mot kvarandre i horisontale felt. Tittelen Zenith refererer i naturvitskapen til det punktet der sola står høgst på himmelkvelven, og kunstnaren jamfører det med ein person sin høgste prestasjon. Ein idrettsarena og ein vidaregåande skule er stader der ein heile tida er i rørsle, og der ein strekk seg mot nye mål. I auditoriet innanfor har kunstnaren fargesett stolane til ein komposisjon, «Zenith #2».

Isdahl

Sjå Hennie Ann Isdahl sin introduksjon til kunstprosjektet på Vimeo.

 

Toril Johannessen: "Inskripsjon"

Toril Johannessn:  Inskripsjon, 2014 (LED-panel, programvare og dagsaktuelle ord fra Norsk aviskorpus) Foto: Pål Hoff Toril Johannessn:  Inskripsjon, 2014 (LED-panel, programvare og dagsaktuelle ord fra Norsk aviskorpus) Foto: Pål Hoff

Det tekstbaserte, elektroniske verket «Inskripsjon» av Toril Johannessen presenterer visdomsord som skiftar ein gong i døgnet. Glasveggen som LED-panelet er montert bak, er ein integrert del av arkitekturen i biblioteket. Verket er tilknytt internett via ein datamaskin med eit spesialskrive program. Kvar dag vert nye setningar konstruert basert på nyord og ord som er mykje brukt i Norsk aviskorpus. Visdomsorda kan såleis verta nonsens eller forståelege, og utgangspunkt for samtale og refleksjon, slik visdomsorda har vore gjennom tidene.

Johannessen

Sjå Toril Johannessen sin introduksjon til kunstprosjektet på Vimeo.

 

Thomas Pihl: "Untitled"

Thomas Pihl:  Untitled, 2014 (Akrylmaling på vegg, galvanisert stål, glass, betong og lamper. Realisert i samarbeid med Georg Guntern) Foto: Pål Hoff Thomas Pihl:  Untitled, 2014 (Akrylmaling på vegg, galvanisert stål, glass, betong og lamper. Realisert i samarbeid med Georg Guntern) Foto: Pål Hoff Thomas Pihl:  Untitled, 2014 (Akrylmaling på vegg, galvanisert stål, glass, betong og lamper. Realisert i samarbeid med Georg Guntern) Foto: Pål Hoff

Verket «Untitled» av Thomas Pihl er integrert i inngangspartiet i nord. I eit smalt, høgt rom er det ein farge- og lysinstallasjon, der refleksen av fargen i rommet inngår i verket som strekkjer seg heile elleve meter opp i bygget. Deler av denne søyla av strålande varm farge og lys kan ein sjå frå fleire ulike nivå i bygget. Verket fortel og om endringane som har skjedd undervegs i planlegginga av bygget. Dette høge rommet er ein rest av eit areal som mista funksjon og blei til overs etter at det blei avgjort å teikne om og krympe fellesarealet. Pihl opna det opp og tok det i bruk.

Pihl

Sjå Thomas Pihl sin introduksjon til kunstprosjektet på Vimeo.

 

Markus Li Stensrud: "Reform"

Markus Li Stensrud: Reform, 2016 (Glassvitrine med miniatyrmodeller og objekter i blandet teknikk) Foto: Bjarte Bjørkum Markus Li Stensrud: Reform, 2016 (Glassvitrine med miniatyrmodeller og objekter i blandet teknikk) Foto: Pål Hoff Markus Li Stensrud: Reform, 2016 (Glassvitrine med miniatyrmodeller og objekter i blandet teknikk) Foto: Pål Hoff Markus Li Stensrud: Reform, 2016 (Detalj) Foto: Bjarte Bjørkum

"Reform" av Markus Li Stensrud har to delar: eit glasvitrine med 33 miniatyrmodellar og ei webside, arkivfeber.no/reform, som viser referansar og bakgrunn for kvar av modellane. Modellane er inspirert av ei vitjing i magasina til dei tre skulene som Amalie Skram tok over for: Bergen Handelsgymnasium, Bjørgvin og Tanks.
32 av modellane representerer ulike skulefag. Den 33. modellen viser eit rom med månelandskap(!) Denne 33. modellen manglar det eine hjørnet. Der det manglande hjørnet skulle vore, passar alle dei andre 32 modellane inn. Dvs. at kvar av dei 32 modellane kunne ha vore sett inn som ein del av månerommet. Månerommet blir her ein metafor for eit klasserom. "Reform" set søkjelys på historisk medvit og kildekritikk – men også kunst, litteratur, filosofi og mytologi. Gjennom at det vert sett spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar kan "Reform" inngå i delar av undervisninga.

Reform

Sjå nettsida til prosjektet: arkivfeber.no/reform.

 

Kira Wager: "Skillebekk"

Kira Wager: Skillebekk 2, 2014 (Olje på PVC) Foto: Pål Hoff Kira Wager: Skillebekk 2 og 3, 2014 (Olje på PVC) Foto: Pål Hoff Kira Wager: Skillebekk 2, 3 og 1, 2014 (Olje på PVC) Foto: Pål Hoff

I underetasjen utanfor symjehallen er det tre maleri av Kira Wager med titlane «Skillebekk» 1, 2 og 3. Dei tre måleria har ulike format, eit går nærast frå golv til tak, eit er like stort men ligg horisontalt og det siste er ganske lite, nærmast eit appendiks. Saman dannar dei ein serie med utgangspunkt i same motiv. Wager har nytta foto frå eigen kvardag som førelegg for måleria. Fotografiet har ho delt opp i kvadrat og kvart kvadrat er malt ferdig før ho starta på neste. Gjennom å handsame kvart kvadrat på ulikt vis, bryt ho opp motiva og gir heilskapen variert malerisk liv og rytme.

Wager

Sjå Kira Wager sin introduksjon til kunstprosjektet på Vimeo.

 

Performanceprogram

Anja Carr: Peachy Blue, 2016 (Performance). Foto: Eliyah Mesayer Anja Carr: Peachy Blue, 2016 (Performance). Foto: Eliyah Mesayer Elin Øyen Vister med gjest Cal Harben: Radio Hopes and Dreams, 2016 (Verksted og live FM-sending) Foto: Eliyah Mesayer Elin Øyen Vister med gjest Cal Harben: Radio Hopes and Dreams, 2016 (Verksted og live FM-sending) Foto: Eliyah Mesayer Espen Sommer Eide: The Distribution of the Audible, 2015 (Lydinstallasjon) Foto: Eliyah Mesayer Espen Sommer Eide: The Distribution of the Audible, 2015 (Lydinstallasjon) Foto: Eliyah Mesayer Kiyoshi Yamamoto: Action means Reaction, 2015 (Workshop performance) Foto: Eliyah Mesayer Kiyoshi Yamamoto: Action means Reaction, 2015 (Workshop performance) Foto: Eliyah Mesayer

Rita Marhaug leiar eit program med temporære prosjekter og performance. Dei fyrste hendingane var i november 2015. Med likskap som tema heldt Kiyoshi Yamamoto ein serie workshopar og Espen Sommer Eide presenterte ein lydinstallasjon. Yamamoto inviterte elevar og tilsette til vera med å lage store fargerike bannarar i silke. Eide er interessert i korleis lyd kan bli brukt både til å kontrollere ei folkemengd og til skape endring. Ut i frå informasjonshøgtalarar samla frå ulike institusjonar, land og folk, kunne ein høyra lyd basert på opptak frå mellom anna støyande fotgjengerovergangar i Kolkata og opprør på Taksim-plassen i Istanbul.

Hausten 2016 var kjærleik utgangspunkt for kunstnarane Elin Már Øyen Vister og Anja Carr. I Carr sin installasjon og performance «Peachy Blue» møter me to forstørra skulpturar basert på My Little Pony. Desse fargerike ponnifigurane opptrer i teiknefilmar markedsført til små jenter, men har dei siste åra fått ein uventa stor fanskare av voksne menn som kaller seg Bronies. I performancen ligg ein mann stille, sovande, med det lange håret sitt fletta inn i ponniane sitt halehår. Som del av Radio Hopes and Dreams leia Vister ei veke med workshops og radiosendingar om kropp, kjønn og identitet i samarbeid med Cal Harben og elevar frå Medier og kommunikasjon ved Amalie Skram vgs.

Det temporære programmet til Rita Marhaug held fram hausten 2017 med fokus på fridom. Då vil me møte Agnes Nedregård med prosjektet Alt går bra, og Elin Vister vil leia nye radiosendinger. Saman med likskap og kjærleik er fridom eit tema som står sentralt i Amalie Skram sitt forfattarskap, så vel som i vårt moderne samfunn.

Carr Vister Eide Yamamoto

Sjå video frå prosjekta til Anja Carr, Elin Már Øyen Vister, Espen Sommer Eide og Kiyoshi Yamamoto.

 

Veggteikningar

Susanna Kajermo Törner: Papaver (detalj), 2017 (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Susanna Kajermo Törner: Papaver, 2017 Akryltusj) Foto: Pål Hoff Susanna Kajermo Törner: Papaver (detalj), 2017 (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Herman Mbamba, 2016 (Akryl på vegg) Foto: Pål Hoff Herman Mbamba, 2016 (Akryl på vegg) Foto: Pål Hoff Herman Mbamba, 2016 (Detalj) Foto: Pål Hoff Kay Arne Kirkebø: Walkthrough A og Walkthrough B, 2016 (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Kay Arne Kirkebø: Assembling Cube Arrival, 2016 (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Kay Arne Kirkebø: Assembling Cube Arrival (detalj), 2016 (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Anja Ulset: Makrellstim (utsnitt), 2017 (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Anja Ulset: Makrellstim (utsnitt), 2017 (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Anja Ulset: Makrellstim, 2017 (utsnitt) (Akryltusj) Foto: Pål Hoff Åshild Johnsen: Planleggingsdag, 2017 (Akryl) Foto: Pål Hoff Åshild Johnsen: Planleggingsdag, 2017 (Akryl) Foto: Pål Hoff Åshild Johnsen: Planleggingsdag, 2017 (Akryl) Foto: Pål Hoff

Veggteikning er eit av dei eldste formata til den kjente kunsten, som uttrykk strekkjer det seg tilbake til førhistorisk tid, før kunsten var eit omgrep. Leiinga på skulen inviterte tidleg inn ein som arbeider med sjablongteikning og gatekunst: Argus. Han har malt fleire større og mindre figurar på veggflater i skulen. I forlenginga av dette prosjektet har elevrådet i dialog med kunstkonsulentane vald ut fem andre kunstnarar som arbeider med teikning med stor variasjon i metode, materiale og uttrykk. Desse er Åshild Johnsen, Kay Arne Kirkebø, Herman Mbamba, Susanna Kajermo Törner og Anja Ulset.

 

Samling

Studentkjøkken 4. etg. Fra venstre: Håkon Stenstadvoll, Tom Kosmo, Torgrim Sund, Daniel Persson, Einar Engelsen. Foto: Pål Hoff Studentkjøkken 4. etg. Fra venstre: Håkon Stenstadvoll, Tom Kosmo, Torgrim Sund, Daniel Persson, Einar Engelsen. Foto: Arne Rygg Studentkjøkken 5. etg. Fra venstre: Knut Rumohr, Heidi Nicolaisen, Inggar Rosseland, Inger Birgitte Sæverud, Knut Yra. Foto: Arne Rygg Studentkjøkken 6. etg. Fra venstre: Håkon Grønlien, Kjetil Kausland, Decision Runa Førde, Ingeborg Annie Lindahl. Foto: Arne Rygg Installasjon på bibliokteket, Gabriel Kvendseth: Arrow Fork, Fredrik Kolstø: Urent farvann, Tonje Bøe Birkeland: Hausdalshorgi 1926, Fra prosjektet THE CHARACTERS 
Character #II Tuva Tengel. Foto: Arne Rygg Gabriel Kvendseth: Arrow Fork. Foto: Arne Rygg

I tillegg til dei nemnde kunstprosjekta har kunstkonsulentane Sissel Lillebostad og Arne Rygg sett i samen veggarbeid i biblioteket og på elevkjøkkena. Her er nyinnkjøpt samtidskunst kopla med eldre kunst frå samlingane til dei skulane som blei historie då Amalie Skram stod ferdig. Her inngår arbeider av mellom anna Inger Birgitte Sæverud, Fredrik Kolstø, Karl Erik Harr, Einar Engelsen, Knut Rumohr, Heidi Nikolaisen, Tom Kosmo, Ingeborg Annie Lindahl, Kjetil Kausland, Gabriel Kvendseth og Tonje Bøe Birkeland.

- - - - - -.

Tekst: Ingebjørg Engel Astrup, Sissel Lillebostad og Arne Rygg